Startside

Dette er ei nettside under utvikling. Den fungerer som prosjektweb for oss som samarbeider om å utvikla Memoarprosjektet Kunstnarliv - og etter kvart vil sida få ei glidande overgang til å bli ei publiseringsside for delte livshistorier av kunstnarar og andre i norsk kunstliv. Fyrste prosjekt er eit samarbeid mellom Memoar og TekstLab  om åtte intervjuopptak i Oslo i juni 2018.

Intervju juni 2018

  • Abdi Getamesay Då dette intervjuet vart gjort, var Adigani Getamesay nitten år gamal. Han rekna seg alt å vera langt forbi startfasen i si kunstnariske utvikling, for han begynte svært tidleg. Han ...
    Lagt inn 18. okt. 2018, 01:47 av Bjørn Enes
  • Mariko Miyata Jancey Då dette intervjuet vart laga, hadde Mariko relativt nyleg kome attende til kunstlivet sitt etter fire år med fødslar og småbarnsliv. Det var utfprdrande på mange vis – tradisjonane innan dansekunsten ...
    Lagt inn 17. okt. 2018, 23:04 av Bjørn Enes
  • Jasper Siverts «Eg forsøker å finna ut kven eg er» - slik opnar Jasper Siverts denne samtalen. Men den har ikkje pågått lenge, før det vert tydeleg at ambisjonane hans er ganske mykje ...
    Lagt inn 5. okt. 2018, 04:04 av Bjørn Enes
  • Ornilia Percia Ubisse Ornilia Percia Fernando Ubisse (1990) kjem frå Mosambik, men er utdanna samtidsdansar ved Norges Dansehøgskole. Ho er medlem av Frikar og har også sin eigen koreografipraksis i dansekompaniet Kronos. Ho ...
    Lagt inn 4. okt. 2018, 23:23 av Bjørn Enes
  • Ali Djabbary Ali Djabbary vaks opp i Iran, i ein familie med mykje kjærleik, men med ei omskifteleg liv. Dei 15 fyrste åra budde han på fem ulike stader i Iran. Teater ...
    Lagt inn 19. sep. 2018, 12:39 av Bjørn Enes
  • Hilde Hannah Buvik To tredels-samfunnet er på mange måtar ein suksess. Få land i verda har løfta så mange som Noreg. Men det gjer det ikkje lettare å tilhøyra den tredje tredelen ...
    Lagt inn 18. okt. 2018, 06:23 av Bjørn Enes
  • Hanna Filomen Mjåvatn Les Hanna Filmoen Mjåvatn sin blogg  https://hannafilomen.wordpress.com/Det finst store og små spørsmål. Slik svarar Hanna Filomen Mjåvatn på eit av dei store i dette intervjuet: «Kunst ...
    Lagt inn 5. okt. 2018, 05:30 av Bjørn Enes
Viser innlegg 1 - 7 av 7. Vis mer »

Vår vanlege prosedyre er slik: 


Ho/han som skal intervjuast - Forteljaren - får avtalen i forkant. 
Når me møtest, snakkar me kjapt gjennom avtalen, og viss alt er OK signerar me avtalen i to eks, eit til kvar av oss. 

Me gjennomfører intervjuet. Det bior lagt i Dropbox - og Forteljaren får ein link slik at ho/han kan sjå råopptaket. Dei kan og lasta det ned om dei vil. 

Viss me har midler til det, lagar me eit dokumentasjonsark om opptaket. Det består av ein logg med tidskodar - altså eit oversyn over innhaldet i samtalen med informasjon om kor forteljaren kan finna kvar sekvens - og eit tekst samandrag. 
Forteljaren får tilsendt begge deler så snart dei er ferdige. 

Me lagar ein publiseringsversjon av opptaket. Normalt er den lik opptaksversjonen, utan slikt tørrsnakk som det alltid blir i start og mot slutten. Men VISS opptaket inneheld noko som bryt med god presseetikk eller norsk lov, så  tar me det bort. 

Så lagar me ei nettside. Der vil me legga tekstsamandrqaget, loggen og videofila med passord. Forteljaren får passordet - og ingen andrfe. Så er det forteljaren som bestemmer om og når passordet kian fjernast. 

Til sist blir videofil, innhaldslogg, tekstsamandrag og den siognerte avtalen levert inn til eit offentleg arkiv for langtidslagring.  Truleg vil me tilbny det til Oslo Byarkiv. Vissw dei ikkje har utstyr til å ta imot dokumenterte videofilar, vil me truleg levera dei til Norsk Folkemuseum. 

Og der vil det ligga i tusen år :-) 

Eg gler meg til å treffa dei!! 

5. juni 2018 - Bjørn Enes 


Avtalar:


Memoar har som hovudprinsipp at forteljarane - dei som blir intervjua - har opphavsretten til intervjuopptaket, saman med intervjuaren. 

Memoar oppmodar alle til å dela sine forteljingar - det vil i praksis seia 
a) å avlevera dei til eit museum eller eit offentleg arkiv for at folk i framtida skal ha tilgang til dei, og 
b) å publisera dei på internett, for at også folk i nåtida skal kunne sjå/høyra dei. 

Alle som vert intervjua av Memoar er velkomne til å publisera forteljingane sine på ei av undersidene til www.memoar.no.  

Kvar gong Memoar lagar eit intervju, ber me om ein skriftleg avtale med forteljaren. Vårt avtaleforslag i denne serien ser du nedanfor her: 
(Klikk på bildet for lesbar versjon)