«Eg forsøker å finna ut kven eg er» - slik opnar Jasper Siverts denne samtalen. Men den har ikkje pågått lenge, før det vert tydeleg at ambisjonane hans er ganske mykje større enn det. Han ser seg som ein del av ei rørsle som vil snu ei utvikling som han sjølv skriv tilbake til 1970, då den nyliberalistiske bylgja vart utløyst av den økonomiske krisa i New York, og åtte bankemenn tok over styringa.
Då starta ei utvikling i retning stadig meir individualisering – både av livet sjølv, økonomien og ikkje minst av kunsten. Makta vart usynleg og abstrakt, forbrukarsamfunnet slo gjennom for alvor – og kunsten sitt dominerande prosjekt vart å uttrykka seg sjølv. Dette var frigjerande i forhold til tidlegare autoritære strukturar. Men i dag er det snudd til noko negativt:
«Kunsten enda opp med å mata dei strukturane han kritiserte»
Dette historiesynet har fått mange konsekvensar for Jasper Siverts. Han er veldig på vakt mot å stivna. Endring eller redefinering er ei konstant utfordring for ein kunstnar. I dag er det motkulturelt å gå inn for ein ny kollektivisme. Men det er slett ikkje sikkert at det vil vera slik om tjue år – då kan det vera like konservativt å som det er å uttrykka seg sjølv i dag.
Då intervjuet vart gjort, rekna hen seg ferdig med verket «On the subject of tattoos». (Han var i full gang med oppfylgjaren som skulle lanserast under Tekstlab-festivalen «Scratch» i oktober 2018). Det er (var) ein performance som inneheldt dans («bevegelse»), tekst, lyd, video og installasjon. Hovuddelen av lydbiletet var lyden frå ein tatoveringspenn. Det same motivet var og til stade i videoane. Teksten var eit utdrag frå boka «The power of myth» frå 1988, utskrift av ein serie radiosamtalar mellom litteraturprofessoren Joseph Campbell og journalisten Bill Moyers.
Det aspektet Jasper Siverts har merka seg særskilt hos Campbell er det synet at individualiseringa og fragmenteringa av det postmoderne samfunnet også har ført til avmytologisering, i den forstand at dei kollektive mytene som har vore med på å halda samfunn og kultur saman, er eller er i ferd med å bli borte. Tatoveringskulturen er eit godt døme: I gamle stammekulturar (så vel som i norsk sjøfartskultur) var tatovering kollektive identitetsmarkørar. Dei viste kor du høyrde til. I dag markerar ei tatovering individuell indentitet. Det var dette han tok opp i «On the subject of tattoos»
Som son av ein biletkunstnar har han langt på veg vakse inn i kunst-prosessar. Han hadde mykje uro i kroppen som barn, og det var mor som meinte at ballett måtte vera det rette for han. Ganske snart vart han samd i det – men så starta endringsprosessane. Han utvida repertoaret til nysirkus, og gjorde strålande forestillingar som trapeskunstnar i UKM . Seinare begynte han med samtidsdans, og så kom han i kontakt med Tekstlab.
«Det forsto eg at eg også kunne laga ting sjølv». Han fortel ganske detaljert om prosessane med intuitiv tekst og vidare bearbeiding til nye verk, om blanding av kunstformer og om tilhøvet mellom publikum og kunstnar. Han har vakse inn i delingskulturen – men han ser også mange problem med den. Som han ser paradokset i den endringsrørsla han definerar seg sjølv inn i: For å endra kunstens rolle i meir kollektivistisk retning, må han gå sine eigne vegar.
Opptaket vart gjort i på Sentralen den 14. juni 2018. Intervjuar var Bjørn Enes
|
|
|