Då dette intervjuet vart laga, hadde Mariko relativt nyleg kome attende til kunstlivet sitt etter fire år med fødslar og småbarnsliv. Det var utfprdrande på mange vis – tradisjonane innan dansekunsten er å venta med å få barn. Men mykje er i endring – også sjølve estetikken. Den unge, veltrente kroppen er sjølvsagt framleis viktig. Men andre ting vert også oppfatta som vakre. Og det vakre er heller ikkje lenger det einaste. Det vert også oppfordra til at dansarar skal halda på lengre, og det er fleire eldre dansarar nå.
For meg vart det eit feministisk prosjekt å kunne kombinera barn med kunst.
Vegen hennar inn i dansekunsten tok til med faget bevegelsesforming på vidaregåande skule. Det gav meirsmak. Ho tok eit år på ein Bibelskule i Ålesund der dans var eit av linjevala. Seinare fylgde ho eit intensivkurs på Schous Kulturskole og ein barchelorgrad i dans på Norges Dansehøyskole.
Ho opplevde at ho måtte gjera eit vegval mellom å satsa på utøvande eller skapande kunst, og då gjekk ho for det skapande. Sjølv om grensene ikkje lenger er så tydelege: Tradisjonelt var ein dansar ein teknisk dyktig reidskap for koreografen. I dag vektlegg fleire utdanningsinstitusjonar at også utøvinga er skapande kunst. Ho meiner at det skjedde ei viktig nyorientering innan samtidsdansen rundt 1970, og mykje av det som skjer i dag kan skrivast tilbake til det.
Ho reflekterar rundt tilhøvet mellom kunstnar og publikum og «trekanten» kunstnar – verk – publikum. For henne sjølv har det blitt viktig å kombinera tekst og dans. Tekst kommuniserar ofte klarare enn dansen, rett og slett av di det er enklare å dela det som står mellom linjene i ein tekst. Men det er på same vis når det gjeld dans. Ho brukar omgrepet «kinestetisk sansing» som ein del av kommunikasjonen mellom dansar og publikum. Den levde erfaringa har sett kroppslege spor både hos dansar og publikum, og når kommunikasjonen fungerer godt kan dette bli ein slik deling eller utveksling.
Ho har veldig store planar for framtida. Sjølv om ho har stor interesse for barn, vil ho ikkje satsa på barnekunst/kunst for barn. Interessene går meir i retning større og gjerne langvarige prosjekt. Ho er inne i ein periode der ho opplever ein veldig drive:
«Når me møtest att kjem me til å ha veldig mykje å snakka om!» slutta ho.
Opptaket vart gjort på Sentralen i Øvre Slottsgate i Oslo. Intervjuar var Bjørn Enes. Han har også gjort dokumentasjonsarbeidet.
|
|
|